torsdag 26. februar 2009

Puerto Madryn


Madryn er ein middels stor, og ganske preglaus by på den argentinske austkysten. Namnet kjem frå Wales. Det var walisiske sauebønder som slo seg ned her og satsa på sauedrift i stor stil, så her er det saue-haciendas over ein lav sko. Landet innafor byen er endelaus og folketom pampas. Ganske uspennande i lengda. Men varmt er det her, 29 grader held for oss. I morgon er siste havetappe. Laurdag legg vi til kai i Montevideo, og neste dag mønstrar vi av i Buenos Aires.

2 kommentarer:

  1. Det nærmar seg slutten på sjøreisa altså? De får nyte dei siste dagane i tangobyen! Her har mjølkesyra teke overhand etter 2 dagar på fjellet med nye alpinski..
    Forresten: tango-tshorte er jo sikkert kult?!..

    SvarSlett
  2. Og korleis skal de feire 60-åringen??! GRATULERER!

    SvarSlett