Gårsdagen var eit absolutt høgdepunkt kva gjeld naturopplevingar.
Vi var inne i Beagle-kanalen kl. 09.30. Kanalen vart ”oppdaga” i 1830 under det første toktet til H.M.S. Beagle. Under det andre toktet til Beagle befann det seg ein mann om bord ved namn Charles Darwin, og det var her nede han fann mykje av grunnlaget for sine teoriar om ”artenes opprinnelse”.
Kanalen var ei lang perlerad av brear og brefall heilt ned fjorden. Norskekysten byr på mange og sterke naturopplevingar, men noko slik som dette fins ikkje.
I 14.00-tida la vi til kai i Ushuaia i Argentina, verdas sørlegaste by. Det er herfrå dei fleste tokta til Antarktis går. Byen har ei lang hovudgate med butikkar kor du får kjøpe alt du treng til turen.
Viss vêret betyr noko, og det gjer det så absolutt her, så har vi hatt råflaks dei siste dagane. Folk vi snakka med i Puntas Arenas kunne fortelje at dette var den finaste sommardagen dei hadde hatt hittil i år. Og det var fint og varmt også i Ushuaia.
No har vi nett runda Kapp Horn. Utan dramatikk. Like udramatisk har det nok ikkje vor for dei mange seglskutene som baksa og sleit seg rundt. Ikkje alle kom rundt, og det er ikkje få skipsvrak som ligg på botnen her. Det som gjer rundinga av Kapp Horn til verdas farlegaste sjøstrekning, er dei kaotiske straum- og vindforholda som oppstår i møtet mellom det to store verdshava: Stillehavet og Atlanterhavet.
No er vi inne i Atlanteren, kursen er igjen nordleg, og vi er på veg til Falklands-øyane, eller Islas Malvinas som det står på alle argentiske kart.
Så det gjekk bra å runde hornet. Ingen sjørøvarar ein gong? Skal dokke segle heilt til Falklandsøyane? Det er no ein bra havbete det.
SvarSlettOg så må dokke oppsøke baugen på båten og vinke, når dei tek bilde med webcameraet. Klokka 6.33 og 12.44....
Her er det foresten eit utruleg dårleg vinterferiever; regn, lite snø og dårleg skiføre:(
sommardagar der altså.... det er det nesten her og.... einaste dette er brukandes til er vedahogst... og innandørssysling.... godt det ikkje er sjøgang.
SvarSlett