mandag 2. mars 2009

Og så kjæm det je itte kæin

Ny dag i Buenos Aires, stadig like imponerande og storslagen. Dagen er nytta til å bli betre kjent med byen. Ein by det er mange gode grunnar for å bli betre kjent med. I gårsdagens ferdablogg ramsa eg opp litt av det byen kan skryte på seg. I tillegg kjem Aristoteles Onassis, som grunnla sitt økonomiske imperium ved å frakte folk over elva i bydelen La Boca. Men den største helten her er vel fotballgeniet Maradona, fattigguten med sin "guddommelege finger", og som vart mangemillionær og som elles har hatt ein lettsindig omgang med visse sentralstimulerande droger.
Tango er det over alt. Og ein blir stadig utfordra til å bli med i dansen. Tone tok utfordringa, men så kom det hu itte kæin. Hadde ein hyggeleg prat med bandoneonisten på bildet. Han forklarte og demonstrerte dette forunderlege instrumentet, hinsides ein kvar logikk. Han var dessutan begeistra for norsk klippfisk.
I kveld skal vi ha felles avslutningsmiddag.
I morgon er det ubønnhøyrleg slutt. Over og ut.

søndag 1. mars 2009

Mi Buenos Aires querido



Buenos Aires!
Ein by som kan ta pusten frå nokon kvar. Storslagen, verdas breiaste aveny, praktfulle og monumentale byggverk, tango og Evita!
12-13 millionar menneske bur det her. Men det er ein ein veldig europeisk by. 40% av alle som bur her er av italiensk herkomst, 35 av spansk. Resten er portugisarar, og ikkje minst tyskerar. Pussig, forresten, at så mange tyskerar fann vegen hit frå 1945 og utover. Dagens bilde er snapshots frå bydelen La Boca, i dag ein turistifisert versjon av den bydelen der dei første imigrantane slo seg ned, først og fremst italienarar frå hamnebyen Genova. Og det var sjølsagt her tangoen oppsto. Tyskarane tok med seg sin "astmatiske orm", dette forunderlege instrumentet som Heinrich Band konstruerte i 1840, og som instrumentfabrikken Union produserte, meint til å akkompagnere salmesang i mindre forsamlingslokale utan orgel. Band + Union = Bandoneón på den lokale dialekten, tangoinstrumentet framfor noko. Artig forresten med dei fargerike husa. Slik var det og i Valparaiso. Forklaringa er at skip som var innom for vedlikehald ofte hadde "left overs" av maling. Desse fekk lokalbefolkninga kjøpe for ein billeg penge. Derfor desse forunderlege og fargesterke samanstillingane.

lørdag 28. februar 2009

Montevideo

I dag ligg vi ved kai i Montevideo i Uruguay. Har hatt ein runde på byen, og sett litt av herlegheitene. Godt og varmt. Og i dag har vi ein jubilant i blant oss, så det blir vel litt stas i kveld, kanhende. I morgon tidleg legg vi til kai i Buenos Aires, og vi mønstrar av, for deretter å ha dei to siste dagane i storbyen før vi set oss på flyet heim.

torsdag 26. februar 2009

Puerto Madryn


Madryn er ein middels stor, og ganske preglaus by på den argentinske austkysten. Namnet kjem frå Wales. Det var walisiske sauebønder som slo seg ned her og satsa på sauedrift i stor stil, så her er det saue-haciendas over ein lav sko. Landet innafor byen er endelaus og folketom pampas. Ganske uspennande i lengda. Men varmt er det her, 29 grader held for oss. I morgon er siste havetappe. Laurdag legg vi til kai i Montevideo, og neste dag mønstrar vi av i Buenos Aires.

onsdag 25. februar 2009

Falklandsøyane. Møte med kapteinen



I går var vi i land på Falklandsøyane, ei ganske stor øygruppe aust for Argentina. I 1982 gjorde argentinarane krav på øygruppa og invaderte øya med brask og bram. Men som vi veit: Maggie Thatcher svarte på tiltale. Ikkje berre med med lauskrut, den dama. Det bur berre ca. 2.000 innbyggarar i Stanley, nok til ei handfull pubar med Draught Bear og Fish and Chips, eit supermarket og postkontor. Eit interessant innslag i hamnebildet, er vraket av ei gammal seglskute. Det er ”Lady Elizabeth” frå Holmesund og Norge. Ho var på veg frå Vancouver til Sør-Afrika med tømmer (!). I det dei skulle runde Kapp Horn 24. februar, 1913 kom dei ut for eit forrykande uver med snøkave, og var nær ved å gå ned. Fire av mannskapet vart feid over bord. Kapteinen kunne berre stå å sjå på at dei forsvann. Dei greidde å reparere skuta såpass at dei kom seg til Falklandsøyane den 14. mars. Der grunnstøytte ho, og resten er historie. Ho er i dag kulturminne, og er forunderleg godt bevart.
I dag er vi i sjøen, på veg nordvestover i retning Puerto Madryn i Argentina. Det kjennest godt på temperaturen at vi no er komne på nordlegare breiddegrader. Vi har og så godt som skyfri himmel, og kan sitje ute på dekk igjen.
I dag vart vi også inviterte på brua for å helse på kaptein Rune Myre frå Andøy. Ein hyggeleg kar, som viste oss rundt og forklarte korleis det er å segle eit farty på 70.000 tonn.

mandag 23. februar 2009

Kapp Horn


Gårsdagen var eit absolutt høgdepunkt kva gjeld naturopplevingar.
Vi var inne i Beagle-kanalen kl. 09.30. Kanalen vart ”oppdaga” i 1830 under det første toktet til H.M.S. Beagle. Under det andre toktet til Beagle befann det seg ein mann om bord ved namn Charles Darwin, og det var her nede han fann mykje av grunnlaget for sine teoriar om ”artenes opprinnelse”.
Kanalen var ei lang perlerad av brear og brefall heilt ned fjorden. Norskekysten byr på mange og sterke naturopplevingar, men noko slik som dette fins ikkje.
I 14.00-tida la vi til kai i Ushuaia i Argentina, verdas sørlegaste by. Det er herfrå dei fleste tokta til Antarktis går. Byen har ei lang hovudgate med butikkar kor du får kjøpe alt du treng til turen.

Viss vêret betyr noko, og det gjer det så absolutt her, så har vi hatt råflaks dei siste dagane. Folk vi snakka med i Puntas Arenas kunne fortelje at dette var den finaste sommardagen dei hadde hatt hittil i år. Og det var fint og varmt også i Ushuaia.

No har vi nett runda Kapp Horn. Utan dramatikk. Like udramatisk har det nok ikkje vor for dei mange seglskutene som baksa og sleit seg rundt. Ikkje alle kom rundt, og det er ikkje få skipsvrak som ligg på botnen her. Det som gjer rundinga av Kapp Horn til verdas farlegaste sjøstrekning, er dei kaotiske straum- og vindforholda som oppstår i møtet mellom det to store verdshava: Stillehavet og Atlanterhavet.
No er vi inne i Atlanteren, kursen er igjen nordleg, og vi er på veg til Falklands-øyane, eller Islas Malvinas som det står på alle argentiske kart.

lørdag 21. februar 2009

Punta Arenas


I dag tidleg ankra vi opp i Punta Arenas, og som bildet viser, slo det til med blå himmel og blank sol. Vi fekk oss nokre timar i land – flanerte gatelangs og brukte våre siste pesos på ymse alpakka-produkt. Punta Arenas har 130.000 inbyggarar, og har vore viktig base for ulike tokter til Antarktis. At det har vore nordmenn her før oss, fekk vi eit prangande vitnemål om på gravplassen, der det er reist eit monument over den norske kvalskyttaren Adolf Andersen frå Sandefjord. Han var den første som planta det chilenske flagget i Antarktis, og framstår derfor i dag som chilensk polarhelt. I boka ”Nordmenn i Sør-Amerika” fortel Kjartan Fløgstad ei anna historie. Det stemmer at han var den første som planta det chilenske flagget i Antarktis for 104 år sidan, men etter det slo han seg på flaska, og det gjekk nedover med han. Han døydde i armod i 1940 og vart kasta i ei fellesgrav for fattige og vart gløymt. Heilt til altså den politiske situasjone tilsa at Chile hadde behov for ein polarhelt. Dei grov han opp og gav han ei ny grav og reiste eit gravmonument i sentrum av Punta Arenas.
At veret skifter fort her, fekk vi eit slåande eksempel på då vi skulle om bord att. Brått, i løpet av nokre få minutt slo det til med ein forrykande hagl-eling. Det bles elles ein svært kraftig frålandsvind her, så vi er litt spent på korleis det blir å komme rundt Kapp Horn i morgon.