
Madryn er ein middels stor, og ganske preglaus by på den argentinske austkysten. Namnet kjem frå Wales. Det var walisiske sauebønder som slo seg ned her og satsa på sauedrift i stor stil, så her er det saue-haciendas over ein lav sko. Landet innafor byen er endelaus og folketom pampas. Ganske uspennande i lengda. Men varmt er det her, 29 grader held for oss. I morgon er siste havetappe. Laurdag legg vi til kai i Montevideo, og neste dag mønstrar vi av i Buenos Aires.
Det nærmar seg slutten på sjøreisa altså? De får nyte dei siste dagane i tangobyen! Her har mjølkesyra teke overhand etter 2 dagar på fjellet med nye alpinski..
SvarSlettForresten: tango-tshorte er jo sikkert kult?!..
Og korleis skal de feire 60-åringen??! GRATULERER!
SvarSlett