fredag 20. februar 2009

52 grader 30 min. sør

Ny dag i sjøen. Vi har lagt bak oss ”The Roaring Forties”, og er inne i ”The Rolling Fifties”. Temperaturen er 9 grader. Vi er no i Magellan-stredet.
Dagar som i dag blir det gjerne å sitje å lese eller finne på anna tidtrøyte. Tilboda om bord står i kø: casino, bingo, kroppspleie, trim, musikk, show. Og mat. Her kan ein velje mellom 12 ulike restaurantar, kvar med sin spesielle profil. Freestyle Cruising-konseptet går ut på at du kan ete kva du vil, når du vil, og kvar du vil. Det er ein del av pakka. Her er mykje mat, god mat og ikkje fullt så god mat. Men servisen er strålande. Båten har ei besetning på 960 personar frå ca. 40 ulike land.
Ikkje alle hadde godt av dei første måltida. What goes down, must come up. Det vart litt meir sjøgang første dag i rom sjø enn mange sette pris på. Dei vart bleikare og bleikare om nebbet, og brått fekk dei akutt behov for å tømme seg, der og då.
Klokka 0600 i morgon tidleg er vi i Punta Arenas. Det går mange utflukter derfrå. Mest spektakulær er vel flyturen til Antarktis. For oss to ville den ha komme på 5.000 dollar (35.000 kroner). Vi droppa den.

1 kommentar:

  1. Eg regner med dokke er godt blakke når dokke kjem heim, etter å ha brukt all tidtrøyta i bingoen og casinoen?

    Eg har ellers fått bekrefta at jorda er rund. For moro skuld kikka eg på webcamera frå Norwgian Sun (http://www.ncl.com/shipcams/suncam/fullsize.jpg), og det er jo heilt tydelig at dokke er på undersida av jorda, etter bildet å dømme.

    God tur vidare!

    SvarSlett