lørdag 28. februar 2009

Montevideo

I dag ligg vi ved kai i Montevideo i Uruguay. Har hatt ein runde på byen, og sett litt av herlegheitene. Godt og varmt. Og i dag har vi ein jubilant i blant oss, så det blir vel litt stas i kveld, kanhende. I morgon tidleg legg vi til kai i Buenos Aires, og vi mønstrar av, for deretter å ha dei to siste dagane i storbyen før vi set oss på flyet heim.

torsdag 26. februar 2009

Puerto Madryn


Madryn er ein middels stor, og ganske preglaus by på den argentinske austkysten. Namnet kjem frå Wales. Det var walisiske sauebønder som slo seg ned her og satsa på sauedrift i stor stil, så her er det saue-haciendas over ein lav sko. Landet innafor byen er endelaus og folketom pampas. Ganske uspennande i lengda. Men varmt er det her, 29 grader held for oss. I morgon er siste havetappe. Laurdag legg vi til kai i Montevideo, og neste dag mønstrar vi av i Buenos Aires.

onsdag 25. februar 2009

Falklandsøyane. Møte med kapteinen



I går var vi i land på Falklandsøyane, ei ganske stor øygruppe aust for Argentina. I 1982 gjorde argentinarane krav på øygruppa og invaderte øya med brask og bram. Men som vi veit: Maggie Thatcher svarte på tiltale. Ikkje berre med med lauskrut, den dama. Det bur berre ca. 2.000 innbyggarar i Stanley, nok til ei handfull pubar med Draught Bear og Fish and Chips, eit supermarket og postkontor. Eit interessant innslag i hamnebildet, er vraket av ei gammal seglskute. Det er ”Lady Elizabeth” frå Holmesund og Norge. Ho var på veg frå Vancouver til Sør-Afrika med tømmer (!). I det dei skulle runde Kapp Horn 24. februar, 1913 kom dei ut for eit forrykande uver med snøkave, og var nær ved å gå ned. Fire av mannskapet vart feid over bord. Kapteinen kunne berre stå å sjå på at dei forsvann. Dei greidde å reparere skuta såpass at dei kom seg til Falklandsøyane den 14. mars. Der grunnstøytte ho, og resten er historie. Ho er i dag kulturminne, og er forunderleg godt bevart.
I dag er vi i sjøen, på veg nordvestover i retning Puerto Madryn i Argentina. Det kjennest godt på temperaturen at vi no er komne på nordlegare breiddegrader. Vi har og så godt som skyfri himmel, og kan sitje ute på dekk igjen.
I dag vart vi også inviterte på brua for å helse på kaptein Rune Myre frå Andøy. Ein hyggeleg kar, som viste oss rundt og forklarte korleis det er å segle eit farty på 70.000 tonn.

mandag 23. februar 2009

Kapp Horn


Gårsdagen var eit absolutt høgdepunkt kva gjeld naturopplevingar.
Vi var inne i Beagle-kanalen kl. 09.30. Kanalen vart ”oppdaga” i 1830 under det første toktet til H.M.S. Beagle. Under det andre toktet til Beagle befann det seg ein mann om bord ved namn Charles Darwin, og det var her nede han fann mykje av grunnlaget for sine teoriar om ”artenes opprinnelse”.
Kanalen var ei lang perlerad av brear og brefall heilt ned fjorden. Norskekysten byr på mange og sterke naturopplevingar, men noko slik som dette fins ikkje.
I 14.00-tida la vi til kai i Ushuaia i Argentina, verdas sørlegaste by. Det er herfrå dei fleste tokta til Antarktis går. Byen har ei lang hovudgate med butikkar kor du får kjøpe alt du treng til turen.

Viss vêret betyr noko, og det gjer det så absolutt her, så har vi hatt råflaks dei siste dagane. Folk vi snakka med i Puntas Arenas kunne fortelje at dette var den finaste sommardagen dei hadde hatt hittil i år. Og det var fint og varmt også i Ushuaia.

No har vi nett runda Kapp Horn. Utan dramatikk. Like udramatisk har det nok ikkje vor for dei mange seglskutene som baksa og sleit seg rundt. Ikkje alle kom rundt, og det er ikkje få skipsvrak som ligg på botnen her. Det som gjer rundinga av Kapp Horn til verdas farlegaste sjøstrekning, er dei kaotiske straum- og vindforholda som oppstår i møtet mellom det to store verdshava: Stillehavet og Atlanterhavet.
No er vi inne i Atlanteren, kursen er igjen nordleg, og vi er på veg til Falklands-øyane, eller Islas Malvinas som det står på alle argentiske kart.

lørdag 21. februar 2009

Punta Arenas


I dag tidleg ankra vi opp i Punta Arenas, og som bildet viser, slo det til med blå himmel og blank sol. Vi fekk oss nokre timar i land – flanerte gatelangs og brukte våre siste pesos på ymse alpakka-produkt. Punta Arenas har 130.000 inbyggarar, og har vore viktig base for ulike tokter til Antarktis. At det har vore nordmenn her før oss, fekk vi eit prangande vitnemål om på gravplassen, der det er reist eit monument over den norske kvalskyttaren Adolf Andersen frå Sandefjord. Han var den første som planta det chilenske flagget i Antarktis, og framstår derfor i dag som chilensk polarhelt. I boka ”Nordmenn i Sør-Amerika” fortel Kjartan Fløgstad ei anna historie. Det stemmer at han var den første som planta det chilenske flagget i Antarktis for 104 år sidan, men etter det slo han seg på flaska, og det gjekk nedover med han. Han døydde i armod i 1940 og vart kasta i ei fellesgrav for fattige og vart gløymt. Heilt til altså den politiske situasjone tilsa at Chile hadde behov for ein polarhelt. Dei grov han opp og gav han ei ny grav og reiste eit gravmonument i sentrum av Punta Arenas.
At veret skifter fort her, fekk vi eit slåande eksempel på då vi skulle om bord att. Brått, i løpet av nokre få minutt slo det til med ein forrykande hagl-eling. Det bles elles ein svært kraftig frålandsvind her, så vi er litt spent på korleis det blir å komme rundt Kapp Horn i morgon.

fredag 20. februar 2009

52 grader 30 min. sør

Ny dag i sjøen. Vi har lagt bak oss ”The Roaring Forties”, og er inne i ”The Rolling Fifties”. Temperaturen er 9 grader. Vi er no i Magellan-stredet.
Dagar som i dag blir det gjerne å sitje å lese eller finne på anna tidtrøyte. Tilboda om bord står i kø: casino, bingo, kroppspleie, trim, musikk, show. Og mat. Her kan ein velje mellom 12 ulike restaurantar, kvar med sin spesielle profil. Freestyle Cruising-konseptet går ut på at du kan ete kva du vil, når du vil, og kvar du vil. Det er ein del av pakka. Her er mykje mat, god mat og ikkje fullt så god mat. Men servisen er strålande. Båten har ei besetning på 960 personar frå ca. 40 ulike land.
Ikkje alle hadde godt av dei første måltida. What goes down, must come up. Det vart litt meir sjøgang første dag i rom sjø enn mange sette pris på. Dei vart bleikare og bleikare om nebbet, og brått fekk dei akutt behov for å tømme seg, der og då.
Klokka 0600 i morgon tidleg er vi i Punta Arenas. Det går mange utflukter derfrå. Mest spektakulær er vel flyturen til Antarktis. For oss to ville den ha komme på 5.000 dollar (35.000 kroner). Vi droppa den.

torsdag 19. februar 2009

51 grader sør


Det merkest godt at vi er komne langt mot sør. No må vi kle godt på oss viss vil vil ut på dekk, og som dagens bilde viser (Det er ikkje eit svart/kvitt-bilde!), er vêret her uberekneleg. I dag har vi for det meste vore innafjords, og som eg har vore inne på før, er dette skremmande likt norskekysten. Men det er ein viktig og vesentleg skilnad: I Norge har folk sett sitt preg på landskapet. Dei har slått seg ned og opp på øyar og fastland. Dei har dyrka jorda, hausta frå havet, anlagt byar og bygder, bygd vegar og bruer, ferjer kryssar fjordar. Over alt er det liv og aktivitet. Her er det dødt og aude. Vakkert javel, men ikkje ein fiskebåt, ikkje eit aldri så lite naust, ei kai du kan legge til. Ingen plass du kan gå i land og proviantere og fylle drivstoff.
No har jo heldigvis vi alt vi treng og vel så det om bord på ”Norwegian Sun”, så vi teng ikkje uroe oss. Norwegian Cruise Line (NCL) er vel norsk, trur du kanskje? Ein gong var det nok det. Det var Kloster-reiarlaget som eigde selskapet, men for eit tid tilbake selde dei seg ut, og selskapet vart kjøpt opp av nye eigarar frå Malaysia. Mannskapshyrene vart halverte. Etter som NCL hadde godt rykte, valde dei nye eigarane å behalde merkevarenamnet ”Norwegian Cruise Line”. Også lokalitetane om bord har norske namn. Vi bur på Norway Deck.
Men kapteinen er i alle fall norsk. Rune Myhre heiter han, og kjem frå Vesterålen. Det er også nokre få offiserar til frå Norge, men mannskapet elles er svært internasjonalt
I morgon er det ny dag i sjøen, og i kveldinga kjem vi inn i Magellan-stredet.

onsdag 18. februar 2009

Fjordalangs

F

I dag er vi verkeleg i fjordlandskap. Chacabuko er ein liten by langt inne i ein fjordarm. Og visste eg ikkje betre, ville eg ha sverga på at vi befann oss i Norge ein eller annan plas. Det liknar verkeleg. Til og med laksemærene og vêret er likt. I dette området av Chile regner det mykje, faktisk opp til 4000 mm. i året. Ei stund i dag tidleg såg ut til at mesteparten av dette skulle komme på ein gong, men etterkvart letta det og sola slo seg gjennom. Omtrent som ein julidag heime.
Sjølve Chacabuko var ikkje rare greiene. 1.400 innbyggarar og lakseindustri. I Santiago kunne ein få inntrykk av velstand og rikdom. Då er det annleis her. Husa er vel nærast for bølgeblikk-skur å rekne. Enkelt og fattigsleg. Men så er det heller ikkje Chacabuko som er målet for Norwegian Cruise Line (NCL) her. Det er nok dalstroka innafor, for å gje ymse opplevingar, fortrinnsvis av natur. Med buss, sjølsagt. Vi, og mange med oss valde å stå over. Desse utfluktene er dyre, og prisen står sjeldan i høve til kva du får att.
Dei to neste dagane skal vi ikkje i land. Då blir det cruising fjordalangs sørover, til vi om tre dagar kjem til Punta Arenas. Då blir det landlov igjen.

tirsdag 17. februar 2009

Landlov


I åttetida i dag ankom vi til Puerto Montt. Ein underleg by i Los Lagos (Lake District). Hit kom det tyrskerar i hoptetal. Dei som kom og busette seg fekk ei ku og eit lite landområde. Ikkje jentene rett nok, berre gutane. Byen er prega av den tyske bakgrunnen, med ein forunderleg trearkitektur. Men den største attraksjonnen her er nabobyen Puerto Varas, som ligg ved den nest største innsjøen i Chile. Den er omkransa av praktfulle snødekte vulkantoppar, med Osorno som sjølve dronninga. Ho strekker seg 2.600 meter over havet og speglar seg i innsjøen når veret innbyr til det. Vi tok lokalbussen dit for å beundre stasen, men dag var veret ikkje det beste. Etter eit par timar skein det likevel såpass bra opp at vi fekk eit brukbart inntrykk av kor vakker ho er. Bildet er ekte, det lyg ikkje, og er tatt med eige kamera i dag.
No har vi kasta loss, og er på veg til neste hamn, langt inne i dei Chilenske fjordane. Der er vi i morgon tidleg.

mandag 16. februar 2009

Til havs


Etter ein lang og kondisjonskrevjande flytur kom vi til Santiago for to dagar sidan. Santiago er ein modernestorby med ei arkitektonisk blanding av gamalt og nytt, og med ei menge uendelege avenyar. Ein stor by utan spesiell sjel. Kunne vore kvar som helst i verda viss det ikkje var for dei snødekte Andesfjella som strekte seg opp i over 5000 meters høgd.
Annleis då med Valparaiso. Dit kom vi i går. Den byen har sjel så det held. Ikkje rart den er på verdsarvlista til UNESCO.
Vi "mønstra på" "Norwegian Sun", og la frå kai i 5-tida. Vi er ei gruppe på 18 nordmenn + reiseleiar. Vi kjem godt ut av det med kvarandre. Hyggelege folk med mykje reiseerfaring.
I dag er det seilas, men i morgon tidleg kjem vi til Poerto Montt som ligg i det s.k. Lake District. Kjent for vakker natur, med snødekte vulkankjegler som speglar seg i innsjøen.
Livet om bord får vi komme tilbake til etter kvart.

torsdag 12. februar 2009

Moss

Første etappe er tilbakelagt. Etter ein litt trøblete start på Sandane. Det måtte sjølsagt slå til med kraftig snøver i det flyet skulle lande. Men etter nokre æresrundar der oppe ein stad kom det ned, og vi opp.
På Gardermoen var det rett inn i bussen til Moss. Yngvil var på plass i det vi steig av bussen og tok oss med til Jeløya, der ho bur saman med Marius og vesle Ulrik.
Mosselukta er oppskrytt. Såpass må det vere skal det kunne kallast kulturminne.
Men det er i morgon den eigentlege reisa startar. Fly til Paris, nokre timars venting, før vi tar av til Santiago i Chile - ein flytur på 14 timar. Skal vere framme laurdag morgon klokka 09.30 lokal tid. Så her trengs det god kondisjon.

tirsdag 10. februar 2009

Om to dagar drar vi til Moss, ikkje for å møte Ari Behn eller dama hans, heller ikkje for å snuse inn mosselukta, som no er blitt kulturminne på linje med hallodamene i NRK. Moss Fisk og Sexleketøy er visst nedlagt, så fisk får vi skaffe oss andre stader.
Kva Moss ellers har å by på får vi sjå. På fredag går turen vidare via Paris til Santiago i Chile. Der er det no ca. 30 varme grader. Herleg!



søndag 8. februar 2009

Vals i Valparaiso

Så er det fire dagar att før vi fer. I natt og i dag he' det vore sprengkaldt, ned mot -10. I Valparaiso ligg det på 20+. Valget er enkelt. Men eg må kanskje spele meg opp på "Vals i Valparaiso" av Evert Taube først.

lørdag 7. februar 2009

Klargjering


Nedteljing framfor den store patagonia-reisa. 5 dagar igjen før avreise.